Velkommen til tettstadvandring på Leikanger!

Som del av markeringa av nye Sogndal kommune, inviterer vi til bygdevandring på Leikanger laurdag 11. januar kl. 14:00!

Vi møtest framfor Sognefjord hotel.

Rute og tema

Vi legg opp til ei triveleg «reise» gjennom nokre sentrale deler av Leikanger si historie. På vandringa skal vi prøve å nå innom tema som geografi, næringsvegar, byråkrati, politikk, kultur og folkesjela i bygda. Men det må bli smakebitar i eit rikt stofftilfang.

Ruta vert omtrent slik: Sognefjord Hotel på Nokkaneset – Njøsabakken – Njøs – Trisparvollen – utsikten over midtre og ytre bygda – Dalareina – Dala-urdi – Riverdalen – Saften.

Festførestilling

Seinare på laurdagen – frå kl. 18 til kl. 20 – kan de få med dykk Sogndal kommune si festførestilling i Leikangerhallen. Arrangementet er gratis, men du må reservera billettar på førehand på deltager.no/festforestilling

Desse er med:

Bufaste Tonar – Dans Utan Grenser – Olav Stedje – Lena Skjerdal trio og kråkebollane – Gunn Marit Kvåle -Distriktsmusikarane i Sogn – Second Hand Saints – Hard To Live – Krudlalaget – Godt Blanda

Nye samarbeid:

Medlemmar frå Sogndal Trekkspelklubb, Bjørn Tore Årøy, Tom Karlsrud og Jørn Holen spelar Windir

Revyane i den nye kommunen møtest på scena, det same gjer kora, dirigert av Kari Malmanger

Det vert innslag frå Ivar Bruheim (lyrikar) – Jarle Kvåle (musikar) – Janne Nes (kunstnar) – Vilde Jensen Hjetland (kunstnar) – Marianne Hoff (Balestrand kunstlag)

Meir informasjon: facebook.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *