Skribentarkiv: sogelaget

Sogelaget si fråsegn til framlegg til kulturminneplan

Kjell Arne Valvik registrerer kulturminne saman med familien. Foto: Marit Anita Skrede

FRÅSEGN FRÅ SYSTROND SOGELAG TIL FRAMLEGG TIL KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNE FOR LEIKANGER KOMMUNE

Systrond sogelag er svært glade for at Leikanger kommune for første gong no får ein eigen kulturminneplan som dekker heile kommunen. Planen inneheld eit godt oversyn over kulturminne og kulturmiljø i kommunen. Planen identifiserer mellom anna kulturminne av lokal verdi som kommunen ynskjer å prioritere, og som er viktige å ta vare på for framtida. Vidare synleggjer planen på kva måte dette kan gjerast, både i planomtale med handlingsdel og ved plankart med føresegner. Les meir

Kvifor Korea?

Det har vore ein diskusjon på Facebook dei siste dagane om nytt namn på Kyrkejvegen. Det er framlegg om Korea eller Koreavegen. Nokre har spurt om bakgrunnen for framlegget. Systrendingen nr. 1 – 2/ 2012 hadde ein artikkel om namnet. Den kan du lese her:

Nye bygdebøker for Leikanger

I Leikanger har vi Leikanger bygdebok, gardssoga utgjeven i 1965 og Leikanger bygdebok, ættesoga utgjeven i 1979. Bygdebøkene er viktige historiske kjelder, og Systrond sogelag søker no kommunen om midlar til å revidere bygdebøkene.

Leikanger kyrkje, 1941. Fotograf: Anders Beer Wilse.
Kjelde: Wikimedia Commons – Public domain.

Sogelaget har vore i kontakt med ulike personar og fagmiljø for å finne ut av korleis dette arbeidet best kan organiserast, gjennomførast og finansierast. Dette er vårt forslag:  

  • Gardssoga må reviderast og publiserast, rikt illustrert med bilete.
  • Ættesoga kan presenterast elektronisk, noko som mellom anna vil kunne gjere det enklare å vedlikehalde og oppgradere soga.
  • Arbeidet bør ha ei tidsramme på tre år: 2019-2021
  • Ein fagperson, med bakgrunn til dømes frå historie eller arkeologi, må utføre arbeidet. Det bør også knytast ein biletredaktør til arbeidet.
  • Den eller dei som skal gjere arbeidet må ha lokal forankring og nærleik til kommunen.
  • Ei styringsgruppe skal rettleie i arbeidet. 

Sogelaget har søkt Leikanger kommune om 3 millionar til prosjektet, fordelt over tre år, med oppstart i 2019. 

Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt med leiar i sogelaget, Knut Henning Grepstad på leiar@systrondsogelag.no

Skogrydding på gardsgravfeltet på Henjum

Skogrydding på dugnad

Den siste veka har frivillige frå Systrond sogelag, i samarbeid med Leikanger kommune, rydda skog på Henja. Innsatsen har vore stor, og mange traktorlass har vorte frakta vekk. Dette er første ledd i eit større prosjekt – Leikanger kommune har fått midlar frå Riksantikvaren til å skjøtta og formidla dette gravfeltet. Les meir

Kvinna – det sjølvsagde midtpunkt!

Ei fyldig sommarutgåve av sogebladet vårt, Systrendingen, går rett inn og presenterer framtida. Hermund Kleppa fortel om Kvinnafossen, det geografiske midtpunktet i den nye storkommunen frå 2020. Mykje historie er knytt til fossen og området rundt. Men sentrumspark vert det vel neppe plass til her?

Kor mange veit i dag kor Haonkasteinen, Flækahesten, Nepperthaug eller Ospedåtten er?  No finn du svaret i artikkelen om dei tradisjonelle namna rundt om på Njøsafjellet. Her er mange gode spørsmål til bruk i framtidige quiz-konkurransar.

Aldersheimens Vener har sidan oppstarten i 1961 gjort ein viktig innsats for å lette kvardagen og skape trivsel til pasientane på aldersheimen og sjukeheimen og elles i kommunen. Og aktive bidragsytarar til underhaldninga 17. mai har dei heller ikkje vore redde for å trå til med.

Fiskeslepp i Svartavatnet, Leikanger i mellomalderen, avfallshandteringa si historie, at kommunistane stilte liste ved kommuneval  og planane for tilrettelegging av gravfeltet på Henja  er andre tema. Mykje god sommarlesing. Og inspirasjon til utforskande turar rundt om i kommunen, for å bli kjend med plassane og hendingane som er omtala i Systrendingen.

Dei som ikkje er abonnentar får tak i bladet på Små Livsgleder i Saften.

Vil du bli abonnent? Klikk deg inn på systrondsogelag.no og fyll ut webskjema, eller ta kontakt på systrendingen@systrondsogelag.no.

Årsmøtet valde ny leiar

Årsmøtet for Systrond sogelag2017 vart halde på Amtsstova på Fylkesmannsgarden 14.05.2018 kl. 19.00. Knut Henning Grepstad vart vald som ny leiar for sogelaget.  

Foto: Henning Hellebust, Røde Kors. CC by-sa-nc.

Knut Henning har vore aktiv i Sogelaget sidan skipinga. Han har hatt fleire oppgåver i laget, mellom anna ein periode som leiar. Han kjem no frå vervet som nestleiar. Han er også med i redaksjonen for Systrendingen.

Knut Henning er jurist, oppvoksen i bygda og interessert i lokalhistoria. Han er pensjonert byråkrat med mange års teneste i ulike roller i fylkeskommunen.

Knut Henning kan lettast møtast på e-postadressa khgrepstad@gmail.com eller på mobil: +47 958 00 153

Her er heile referatet frå årsmøtet: Les meir

Logo m/tekst

Årsmelding 2017

Styret si årsmelding frå 2017 gir informasjon om aktivitetar og drift av Systrond sogelag. Her kan ein mellom anna lese om arbeidet med kulturminneplanen i Leikanger, utvikling av informasjonsskilt rundt om i bygda, bygdevandring, dugnadsarbeid, medlemskveldar og informasjonsmøte som var halde i 2017.  Les meir

kartutsnitt

Kulturhistorisk vandring med sogelaget

Søndag 1. oktober arrangerer Systrond sogelag ei kulturhistorisk vandring i samarbeid med Opplev Leikanger og Fruktbare dagar. Tema er kyrkjehistorie, og vi skal innom dei tre nedlagde kyrkjestadane frå mellomalderen i Leikanger – Hamre, Henja og Njøs. Knut Henning Grepstad er guide.

Arrangementet startar på Hamre. Alle møter opp ved Fruktlageret kl 13.00 og følgjer med guiden derifrå. Etter dette køyrer vi mot Henja. Her må folk parkere langs hovudvegen eller ved Henjahaugane barnehage, så samlast vi og går ein runde på Henja. Til slutt køyrer vi til Njøs for den siste etappen i vandringa. Her kan ein til dømes parkere ved forsøksgarden eller ved Statens hus.

Alle vil få informasjon undervegs om kvar og når guidinga startar på Henja og Njøs.

Sidan det vert ein del køyring, og kanskje vanskeleg å parkere rundt om i bygda, oppmodar vi alle til å samkøyre om mogeleg.

Nytt tak på turkestova

Har du vore på badestrondi ved fylkesmannsgarden på Nybø i sommar? I så fall har du kanskje sett at den gamle turkestova har fått nytt tak. Leikanger kommune gjorde grunnarbeidet, og sogelaget fekk med nokre dyktige karar på dugnad. Takk til Svein Helge Frækaland, Knut Dokken, Åsmund Espe og Lars Håkon Seim!

Her kan de sjå nokre bilete frå arbeidet: