Skribentarkiv: sogelaget

Pyttane

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Pyttane er livsverket til Eirik Fosse, kalla Bøllamann, og kona Ingebjørg, kalla Bølla. Eirik
fekk kallenamnet sitt etter Bølla. Han var eit arbeidsjarn, evnerik, sterk og uthaldande, nytenkjande med fantasi og skaparevne. Bølla var også eit arbeidsjarn som støtta mannen og deltok i arbeidet.

Dei fekk kjøpt området i Pyttane om lag midtvegs fram i dalen. Her sette dei inn kreftene sine på å rydda og overflatedyrka området. Dei fann nye løysingar på drifta. Bøndene lagra tørrhøyet og lauvet i høyløer. Bøllamann valde ei anna løysing. Han bygde ein liten fjøs. Her fora han sauene sine til forlageret var tomt, om lag ved juletider. Då gjekk han framfor sauene og laga gangveg i snøen, slik at dyra kunne koma seg heim til småbruket i bygda. Og på denne måten låg møka neste vår klar til spreiing frå fjøsen i dalen. Dei andre bøndene, som skulle gjødsla teigane sine i dalen, måtte køyra møka heimanfrå om våren, noko som var særs arbeidskrevjande. Det slapp Bøllamann. Dei bygde etter kvart fleire hus og budde her til seinhaustes og tidleg på vinteren.

Pyttane er eit viktig kulturminne som fortel om slitet med å utnytta resursane i dalen og
korleis driftige folk fann løysingar som letta strevet.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger.

Leikanger prestegard

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Namnet Leikanger kjem frå norrønt, og ber truleg bod om at staden vart brukt til kappestrid (leikr). Området ved kyrkja har etter kvart gjeve namn til kommunen og den eine tettstaden.

Inntil Leikanger kyrkje ligg den uvanleg grøderike prestegardshagen. Det er ein sjeldan vakker botanisk hage med 5 velhaldne bygningar og fleire eksotiske planteslag.
Mange av trea og vekstane i hagen høyrer til på langt sørlegare breiddegrader. Tresorten Libocedrus decurrens frå det vestlege Nord-Amerika er rekna som den sjeldnaste og mest spesielle i prestegardshagen, med få eksemplar i Noreg. Mammuttreet (Sequoiadendron giganteum) er 160 år gamalt og meir enn 21 meter høgt. Treet er det største i sitt slag i Noreg. Det kan bli langt over 2000 år gamalt.
Det tidlegare hovudhuset på Leikanger prestegard vart i 1910 flytta til Norsk folkemuseum på Bygdøy og inneheld i dag Thaulowmuseet.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Nybø – Fylkesmannsgard og møteplass

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Garden Nybø har vore i offentleg eige sidan 1853. Han har tidlegare vore både sorenskrivargard og fylkesmannsgard. Bygningane har sidan 1970-åra vore i kommunal eige. Bygningen vart ei stund nytta som bustad, men husar i dag Nybø barnehage.

Trebygningen i midten mellom riksvegen og barnehagen er Amtskontoret frå om lag 1860. Bygget er i dag Administrasjonsmuseum. Nordre Bergenhus Amt, frå 1919 Sogn og Fjordane fylke, vart eige fylke i 1763. Amtmennene budde i Bergen, på Kaupanger, i Lærdal og Balestrand før amtmannen i 1862 valde å slå seg ned på Leikanger. Sidan har Nybø vore kalla Fylkesmannsgarden. På garden er det fleire verneverdige bygningar, mellom anna Amtskontoret og sjølve hovudhuset, der barnehagen ligg.

Strandlina under Fylkesmannsgarden er offentleg badeplass. Her ligg Fylkesmannsnaustet og det som var badehuset for kvinnene i fylkesmannsgarden.

Ved badeplassen står det òg ein bautastein. Denne vart funnen i samband ved bygging av riksvegen i 1937, saman med gravminne frå eldre jarnalder. Her står det også eit «turkehus» som er flytt hit frå høgdegarden Eggja. «Turken» vart nytta til å tørke kornet før brygging av øl.

På oppsida av riksvegen ligg ”Gamle Amtmandslunden” eller berre ”Lunden». Lunden var tidlegare ein viktig samlingsstad i bygda og fungerte som 17. mai-plass frå kring 1900 til 1973. Det vart òg halde ungdomslags- og songarstemne i Lunden med opp til 3.000 deltakarar. Frå 1931 vart Lunden fast 1. mai-plass for arbeidarrørsla i Leikanger. Statsminister Jørgen Løvland og statsrådane Johan Castberg, Olav Meisdalshagen og Kåre Fostervoll var mellom talarane i Lunden. Dei seinare åra er Lunden restaurert noko og området blir brukt til undervisning og som leikeområde for Nybø barnehage.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Njøsadalen – stølsområda

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Njøsaelvi var viktig vasskjelde for jordbruket på Njøs. Njøsadalen var viktig for gardsbruka på Njøs og i Gjerde. Dalsidene og stølane i dalen og i fjellområdet gav auka matproduksjon og dermed betre økonomi. Teigane i dalen vart nytta som vårbeite
før husdyra vart flytta til fellesområda i fjellet. Om hausten var teigane slegne og høyet lagra i høyløer. Trea vart lauva og nytta til for. På ettervinteren vart foret i løene frakta til gards med hest og slede på snøføre – eit særs krevjande arbeid.

Njøsadalen har no veg frå Kvålen 90 m.o.h. til Botnabakken ca 400 m.o.h. Herifrå går vegen mot vest til Skagasete og mot aust til Geitadalen. Vegen har gjort dalen, stølsområda og fjella rundt til eit verdfullt friluftstilbod for bygdefolk og turistar.
I området opp frå dalen ligg desse stølane: Skagasete på vestsida, Tuftahaug på austsida og Hottadalen, Sumhaug og Fjærlandsete i nord. Fjærlandsetvatnet er eit godt fiskevatn.

Mykje skogplanting på 1950/60-talet og sterk attgroing har totalt forandra det gamle kulturlandskapet og dei fleste gamle høyløene har rasa saman.

Stadnamn i Njøsadalen

Dei fleste stadnamna i dalen har sitt opphav i topografi, personar eller hendingar.
Frå Kvålen og framover finn me: Svaknubben, Hatlane, Kleivane, Vetlagjerde, Galdene, Femteigen, Pyttane, Edlevavegene, Dalsete, Galden, Blomhola, Nyabrui, Garlebakkane, Idlebakkane og Botnabakken.

På vestsida ligg: Baukasengene: Plassar der ein sleit mykje med jorda; å bauka = å bala,
slita med. Skagasete: Skag- = noko som står opp eller fram (jf. skog, skjegg)

Skaganom: Om lag midt oppe i lia er det funn av mogeleg busetnad, omtala i gamle skrifter.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger.

Njøs – opphavsgard og forsøksgard

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Njøs er ein av dei fem eldste gardane på Leikanger. Tydinga av namnet Njøs er usikkert. Garden vart delt i Nedre og Øvre Njøs langt bak i tid. Dei gamle klyngetuna, ein
gardsstruktur med røter i mellomalderen, låg på Nedre Njøs og Øvre Njøs. På Nedre Njøs ligg framleis klyngetunet intakt. På Øvre Nøs låg tunet der driftsbygningane på Njøs frukt- og bærsenter ligg no. Herifrå er det god utsikt over fjorden og bygda, og det har tidlegare lege gravminne frå jarnalderen i dette området.

Njøs fekk eiga steinkyrkje før 1250 og hadde eigen prest til ut på 1500-talet. Dei siste kyrkjemurane vart rivne i 1883, men spora etter kyrkja ligg framleis under dyrka mark
ved Stoppelshaug.

Staten grunnla Noregs første forsøksgard for fruktdyrking på Njøs i 1920. Her vart det drive forsking på frukt og bær samanhengande fram til 2007, då verksemda vart
flytt til Hardanger. Landbruksklyngja Njøs frukt- og bærsenter, Norsk landbruksrådgiving Sogn og Fjordane og Njøs næringsutvikling AS arbeider med sortsutvikling og produksjonsutvikling, feltforsøk og konsulentoppdrag på frukt og bær.
På Njøs er det gjort samanhengande observasjonar av blomstring i frukt og bær sidan tidleg på 1920-talet. Det er utført meteorologiske observasjonar samanhengande
sidan 1929, ein måleserie det knapt finst maken til andre stader.

Av viktige sortar som er utvikla på Njøs kan nemnast bringebæret Veten, jordbæret Glima, eplet Idunn, plomma Edda og pæra Celina. Du kan lese meir om frukt- og
bærsortar frå Njøs på www.fruktsorter.no.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Leite

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leite vart det andre byggefeltet på Leikanger, etter Korea. Dei første husa kom på slutten av 1950-talet. Dei neste ti åra kom husa i området opp til garden Halland på austsida av byggefeltet, kring 100 moh. Byggesteg to kom på 1970-talet og siste steget opp mot skogen på 1980-talet. Bøane og slåtteteigane på Leite høyrde til prestegarden.

Leite kan ha fleire tydingar, men det naturlege her er: «Bakkehøgd med godt utsyn».
På slutten av 1800-talet starta folk i familien Rise frå Strandebarm i Hardanger med
utvinning av steinheller i Helleberget, eit hellebrot på prestegarden like ovanfor byggefelta.

Hellene vart brukte på tak på bustadhus, fjøsar og andre gardshus, både i bygda og i
bygder rundt om i Sognefjorden. Mellom anna finn me heller frå Leikanger på Styvi i
Nærøyfjorden. Hellene vart frakta med hest og slede ned til Prestegardsstranda.

Her var det bygd ein steinkai godt tilpassa som lasteplass for utskiping med båt.
Frå Leite går det fleire stiar opp til Kleppa, via Frækaland i vest og via Hallandsberget
i aust. Over Frækaland ligg Risedammen bygd av Lars Rise på slutten av 1930-talet.
Dammen skulle sikre vatn heile året til Husabø, Hanehaug og områda rundt. Frå Kleppa er det flott utsikt over store deler av bygda.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger

Leikanger – sagaens Baldershage

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Baldershagen i verket «Fridtjofs saga» frå 1820-talet, som byggjer på islandsk sagalitteratur, kan ha lege i Husabø. Hovudpersonen er vikinghelten Fridtjov den frøkne (djerve). Forfattaren, svensken Esaias Tegnér, skildra Fridtjov som den arketypiske helten, men likevel som reint menneskeleg. «Din like finst ikkje i Noreg», seier kong Ring på Ringerike om Fridtjov og gir han støtte til å erobra Sogn og Hordaland. I Baldershagen finn Fridtjov sin store kjærleik – kongsdottera Ingebjørg. Men faren, kong Bele har lova henne bort og det vart ein lang veg før dei fekk kvarandre.

Fridtjov den frøkne vart gjort udøyeleg i Tegnér sitt verk som var ein gigantisk salssuksess. I 1913 fekk den tyske keisaren, Vilhelm II, reist ei statue av vikinghelten i bronse på Vangsnes.

Sagaen om Fridtjov vart nedskriven på Island på 1300-talet. Handlinga i sagaen er lagd til Sogn på 700-talet. Men kva er historie og kva er dikting? Det er i alle fall sannsynleg at Baldershagen i sagaen låg i Husabø, der bekken Baldersgrovi renn ned mot fjorden og landets høgste bautastein (7,8 meter) står som eit synleg teikn på at Husabø var tilhaldsstad for storfolk. Men ingen veit kven steinen er reist over – og ingen veit akkurat kor kongsdottera i sagaen faktisk budde dersom ho ein gong fanst.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Leikanger / Hanehaug

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leikanger, også kalla Hanehaug, er ein av dei to historiske tettstadane i Leikanger kommune. Hermansverk, dagens sentrum, er den andre. Eit fellesnamn for heile bygda er Systrond.

Leikanger/Hanehaug har tradisjonar tilbake til 1700-talet som handels- og poststad, trafikknutepunkt, skysstasjon og gjestgivarstad. Leikanger Fjord Hotel hadde såleis lange tradisjonar då Gustav Lie kjøpte Olsen hotell i 1920. Vest i fruktbygda ligg Leikanger fruktlager, som tek mot frukt frå Leikanger og Sogndal.

«Det som ikkje veks i Leikanger, veks ikkje i Noreg», vert det sagt. Med ein middeltemperatur på minus 0,8 grader Celsius i januar, pluss 14,8 grader Celsius i juli og årsmiddel på 994 mm nedbør, har Leikanger eit ypparleg klima for varmekjære planter. Det finst sikre spor etter fruktdyrking i området alt frå 1100-talet, men dyrking av frukt for sal vaks ikkje fram før i andre halvdel av 1800-talet.

Frå kaien på Hanehaug har ein god utsikt over kommunen. Ser ein nøye etter, vil ein oppdage at gardane går frå sjøen og opp mot fjellet. Frukthagane ligg opptil 120 meter over havnivået. Den 4 km lange gang- og sykkelvegen mellom Leikanger og Hermansverk er ei fin vandring med utsikt over Sognefjorden. Ein kan også gå langs Strandavegen mellom Hanehaug og Leikanger kyrkje. Her finst spor av eit gamalt strandsitjarmiljø.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Kleppa – utfart og friluftsliv i gamle stølsområde

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Kleppa 400 – 500 m.o.h. er viktigaste utfartsområde for Leikanger. Frå 1920-talet er det lagt til rette for vinteraktivitetar –hoppbakkar, skihytte, alpinbakke, lysløyper, gapahuk, jakt- og fiskelagshytte, leirduebane og dagsturhytte. På Kleppa, samlenamn for Orrasete og Kleppa, låg 9 vårstølar for gardane i Husabø, Halland og Prestegarden. Kvar støl hadde to hus; sel med omn og seng og skott (ein liten forgang til selet), fjøs og ei lita innmark/ slåtteteig. Fjellstølane låg i fjellet fremst i Grindsdalen og i Romedalen, opp frå Fjærlandsfjorden.

Gode stølar med gode beite var avgjerande for å kunne produsere nok mat til eigenbruk og for sal. Siste stølsdrifta vart avvikla ca. 1956/57. Det renn to vatningsveiter gjennom området. Vatnet frå snøsmeltinga om sommaren vart ført ned til stølane og gardane i bygda.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Foto: Håvard Nesbø. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Layout: IHP as – Leikanger.

Husabø – kongsgard i vikingtida

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Husabøgarden er ein av dei fem eldste gardane på Leikanger. Garden har hatt ein sentral plass i den norske rikssoga. Enkelte historikarar hevdar at Harald Hårfagre budde i Husabø då han starta prosessen med å samle Noreg til eitt rike på slutten av 800-talet.

Harald Gullskjegg, som budde i Husabø, var den mest sentrale kongen i Sogn før landet blei samla til eitt rike. Dottera hans, Ragnhild, vart gift med Halvdan Svarte på Ringerike. Ragnhild og Halvdan fekk sonen Harald. Fleire historikarar meiner dette var rikssamlaren Harald Hårfagre.

Namnet Husabø tyder ”bøen med husa”, og er truleg eit sekundært namn som kom til i samband med at garden vart veitslegard. Alle gardar i Noreg med namn som Husabø, Husebø eller Huseby var delar av eit gamalt skattesystem som gjekk ut på at kongen og hirden (livvakta og hoffet til kongen) hadde rett til å bu på gardane i periodar.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Desse kongsgardane var lokaliserte slik at dei vart naturlege utgangspunkt for kongen si maktutøving i dei aktuelle delane av landet. Systemet vart bygd opp alt før år 1000. Kongane hadde slike

veitslegardar rundt om i dei områda dei rådde over. Dei flytte mellom gardane, som låg ei dagsreise frå kvarandre. Dei som dreiv veitslegardane var pålagde å halda kongefølgjet med mat og drikke.

Då den nye gravplassen i Husabø vart opparbeidd i 1995, avdekte Bergen Museum fleire graver og gravrøyser frå eldre jarnalder. To av røysene er rekonstruerte inne på gravplassen