Hermansverk

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Hermansverk er ein av dei to historiske tettstadane i Leikanger kommune. Leikanger eller Hanehaug er den andre. Eit fellesnamn for heile bygda er Systrond. Hermansverk har i dag overteke det meste av handel og andre viktige fellesfunksjonar.

Hermansverk – «Herman sitt verk» – fekk rundt 1844 namn etter kjøpmann Herman Brun som då hadde skapt aktivitet i området. Sentrumsområdet mellom Henjaelvi og Njøsaelvi blir også kalla Brungarden. Området vest for Henjaelvi blir kalla Henjasanden og området aust for elva heite Njøsasanden.

Kaien framfor Fjordkroa var fram til 1976 terminal for person- og godstransport. Då vart det bygt ny kai for heile bygda på Leikanger/Hanahaug, den vestre tettstaden i kommunen.

På Hermansverk voks det frå tidleg på 1900-talet fram allsidig industriverksemd: sagbruk, sardinfabrikk, Drægni sin syltetøy- og saftfabrikk, trevare- og møbelfabrikk og ullvarefabrikken Sygna 1 km oppover Henjaelva. Den gamle møbelfabrikken i Riverdalen, på austsida av Henjaelva, står i stor grad uendra frå 1920-talet. Fabrikken og småhusa i området syner Hermansverk si historie som tettstad.

Saft- og syltetøyprodusenten Lerum AS hadde aktivitet i Drægni AS sitt bygg til 1998. Då var det slutt på ein 100-årig industriperiode på Hermansverk.

I «Saften», den om- og påbygde saft- og syltetøyfabrikken, finn vi redaksjonen til fylket si nest største avis, Sogn Avis i tillegg til Balder bryggeri, fleire butikkar, kultursal og idrettshall. I «Gamlehotellet» like ved ligg forlaget Skald. Sognefjord Hotel på Nokkaneset er ei vidareføring av ein lang hotell- og gjestgivartradisjon på Hermansverk.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Layout: IHP as – Leikanger.

Henjum opphavsgard

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Gardstunet Henjum er ein av dei fem eldste gardane på Leikanger med ei interessant kulturhistorie tilbake til førhistorisk tid. Namnet Henjum (norrønt: Heinvinjar) er sett saman av hein (bryne) og vin som tyder beitemark.

Henjum hadde si eiga kyrkje i mellomalderen. På denne tida var garden av dei viktigaste på vestlandet. Framleis er den gamle klyngetunstrukturen med røter i mellomalderen, godt synleg. Eldre kart syner at det har vore over 100 store og små hus i klyngetunet i tidlegare tider. I Henjagrenda blei fruktdyrking vanleg rundt år 1900. I dag har tunet til saman 30 bygningar som høyrer til seks ulike bruk. I ein av dei finn vi gardsrestauranten ”Henjatunet, Eggjagarden”, med lokal tradisjonsmat som spesialitet.

Klyngetunet er omkransa av gravhaugar frå eldre og yngre jarnalder. Det største bevarte gravfeltet i Leikanger, Henjahaugane, ligg høgt og fritt ovanfor Henjatunet med vidt utsyn over Sognefjorden. I fjellområda til Henjagardane, i Friksdal, finn vi eitt av landets største tufteanlegg (spor av tomter etter stølsbygningar) frå jarnalderen.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Henjahaugane – gardsgravfeltet på Henjum

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Garden Henjum har vore mellom dei største gardane på Vestlandet. Skriftlege kjelder fortel at Henjum var ein storgard i mellomalderen og seinare. Eiga kyrkja i mellomalderen vitnar om kor mektig garden var. Klyngetunstrukturen på garden er enno intakt. Henjum og nabogarden Røysum var mektige også i jarnalderen.

Gravfeltet Henjahaugane med minst 10 gravhaugar ligg ovanfor klyngetunet. Fire av desse ligg svært synleg framme på kanten. Dei har eit søkk i toppen, noko som viser at dei har vore plyndra. Arkeologar har ikkje undersøkt Henjahaugane. Truleg har gravfeltet vore større, og kan ha strekt seg både nord- og austover. Lenger aust ligg ei stor grav som kan ha vore del av det same gravfeltet. Nord for Henjahaugane er det også funne restar av ei grav. I denne vart det funne eit hestebissel, sverd og skiferbryne. Alle dei kjende gravene frå Henjum er truleg frå jarnalderen.

Teigane til gardane Henjum og Røysum ligg om einannan. Dette tyder på at dei ein gong var ein gard som seinare vart delt. Også på Røysum er det mange kjende gravminne frå jarnalderen. Ein del av desse er arkeologisk undersøkte. Undersøkingane viste at gravene var rikt utstyrte, og fleire av dei er rike kvinnegraver frå folkevandringstida (400-550 e.Kr). Dette kan forklarast med at Henjum og Røysum har fått rikdomen sin frå omfattande stølsdrift i eldre jarnalder. Dette var ein aktivitet som for ei stor grad var styrt av kvinner. Oppe i fjellet, knytt til gardane Henjum og Røysum, ligg eit av dei største tufteanlegga frå jernalder i Norge.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger

Henjadalen – Henjaelvi

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Henjadalen var viktig for gardsbruka på Henjum og Røysum. Henjaelvi er det største og viktigaste vassdraget i Leikanger, grunnlaget for eit mangfald av aktivitetar. Elva leverer drikkevatn og vatn til jordbruket og næringslivet, mellom anna til Eros Laks sitt settefiskanlegg i Riverdalen.

Frå slutten av 1800-talet vart elva ein avgjerande føresetnad for eit mangfald av industriverksemder. Langs elva kom møllebruk, sagbruk, trelasthandel, tønnefabrikk, slakteri og pølsefabrikk. Vidare kom dampfargeri, ullspinneri, syltetøyfabrikk, sildehermetikkfabrikk, kommunalt kraftverk og meir lys i husa til folk langs elva. Frå 1913 har det vore kraftproduksjon i Henjaelvi.

Henjadalen og stølsområda, med Flya som det største, var viktige for matproduksjon og økonomien til bøndene.

Dalen og fjellområda rundt, med godt merka stiar, er populære område for friluftsliv og rekreasjon. På ein kort strekning frå fjorden til «Lakshøl», kan ein fanga laks og sjøaure. Lengre oppe vaker bekkeauren i dei mange småkulpane. Med fiskekort er Henjaelvi open for fiske.

I vatna over Henjaelvi er det fin fjellaure. Myrdalsvatnet og Trastadalsvatna er gode fiskevatn. Fisket i vatna er regulert med fiskekort.

Store Trastadalsvatn er oppdemt og sikrar trygg vassforsyning til bygda året rundt.
Henjaelvi er bygd ut som ein del av Leikanger Kraftverk med oppstart i 2020.
Saman med vatn frå Grindselva vert det produsert 208 Gwh i ein kraftstasjon i Suppham ved Sognefjorden.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger

Hella

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leikanger – tidlegare fylkeshovudstad i Sogn og Fjordane

Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.

Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær. Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke. Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær
fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra. Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862.

Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten. Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe. Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk. Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her. Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene. Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han hadde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger. Leikanger kyrkje er frå om lag 1250. Hella fekk veg og ferjekai i 1956.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger

Harald Hårfagre – Konge i Noreg

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Harald Hårfagre, om lag år 850 – 930, voks opp her i Husabø hjå morfaren Harald Gullskjegg som var konge over Sogn. Harald arva dette riket etter morfaren. Med utgangspunkt i Sogn starta Harald Hårfagre samlinga av Noreg til eitt rike. Etter slaget i Hafrsfjord i år 872, vart Harald Hårfagre einekonge. I meir enn 400 år rådde kongar av Hårfagreætta i Noreg.

Minnesteinen er reist på den gamle kongsgarden Husabø. Her står framleis også Baldersteinen, ca. 8 meter høg, Noregs høgste bautastein frå jarnalderen. Den bautasteinen som ligg her i parken vart funnen ved utgravingar av gravminne frå jarnalderen i Husabø.

I Husabø er det registrert rike gravminne frå jarnalderen. Fleire av gravminna har vore markerte med bautasteinar. Dette syner at det alt tidleg i jarnalderen har vore samla stor politisk og økonomisk makt på garden.

I området der parken ligg har Husabøgardane hatt båtstøa og nausta i lang tid tilbake.

Foto: Ørjan Talle / Layout: Husabø Prenteverk as

Hanehaug

Leikanger – tidlegare fylkeshovudstad i Sogn og Fjordane

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.

Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær.

Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke. Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra. Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862.

Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten. Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe. Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk. Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her. Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene.

Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han hadde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger.

Leikanger kyrkje er frå om lag 1250.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger

Hamre

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Hamre er ein av dei fem eldste gardane og klyngetuna på Leikanger. Garden kan langt tilbake ha vorte utskild frå Husabø, litt lenger aust.

Namnet kjem frå naturen: garden med mange hamrar som stikk opp, heilt frå fjord til fjell. Det er i dag fem bruk på Hamre – på det meste var det åtte.

Hamre var truleg ein av hovdinggardane på Leikanger med eiga kyrkje i mellomalderen, truleg bygd kring 1200. Kyrkja låg på Hamreneset med utsikt til dei 3 andre kyrkjene på Leikanger.

Grønsaker og bær vert tidleg modne på Hamre. Leikanger er kjend som ei god frukt- og bærbygd. På Hamreneset ligg eit fruktlager.

I området er det funne graver frå eldre og yngre jarnalder. I ein hage står det ein 2,5 meter
høg bautastein.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger

Grinde – Engesæter – Huke – Holum

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Grinde var ein av dei 5 gamle storgardane på Leikanger. Storgarden Grinde vart etter kvart oppdelt i fem gardar. Gardshusa var samla i eit klyngetun fram til 1875. Lenger oppe ligg Engjasete med to gardar, opphavleg Grinde sin støl. Namnet Grinde på vestsida kjem av grind – grindegjerde, eit avgrensa nattområde for dyra.

Dalen vert kalla Grindsdalen på vestsida og Huksdalen på austsida. Elva var grensa mellom Grinde og Huke, bortsett frå i elveosen. Grinde hadde ein plassmann og naustplassar på austsida.

Grinde har fleire gravrøyser, mellom anna tre kjemperøyser. Det er funne reiskap og våpen frå steinalder. På Grinde ligg eit av dei nasjonale kulturlandskapsområda i Norge.

Huke og Holum har tre bruk kvar. Holum var lenge klokkargard og skulen låg her. Engjasete er eit fint utgangspunkt for turar til fjella Mælen og Hest.

Grindselva vart bygd ut som ein del av Leikanger Kraftverk med oppstart i 2020. Saman med vatn frå Henjadalen vert det produsert 208 Gwh i ein kraftstasjon i Suppham ved Sognefjorden.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger

Grauthaug

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leikanger – tidlegare fylkeshovudstad i Sogn og Fjordane

Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.

Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær.

Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke. Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra.Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862.

Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten. Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe.

Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk.

Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her.

Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene.

Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han levde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger. Leikanger kyrkje er frå om lag 1250. Grauthaug var tidlegare ein god plass å fange laks frå laksegilje. Gilja stod på Grauthaug til ut på 1970-talet.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger